fbpx

Om vaske AS

Vaske AS er eit reinhaldsfirma som leverer tenester til privathushald og bedrifter for heile Sunnmøre.

Selskapet vart skipa i 2009 då bedrifter i Gjerdsvika i Sande kommune trengde nokon som kunne vaske hos dei fast. Den eine bedrifta, John Gjerde, hadde gode kontaktar i Latvia og rekrutterte flinke folk derifrå. I dag, ni år etter, har vi fem fulltidstilsette og nokre ekstra/ferie-hjelparar. Fordelinga mellom privat- og bedriftskundar er om lag 50/50.

Vi er opptekne av kvalitet framfor kvantitet. Kundane våre skal vite at vi gjer ein skikkeleg jobb. Vi vaskar kvitt på fleire måtar og er godkjende av Arbeidstilsynet. Alle reinhaldarane våre vil bære ID-kort som syner dette.

Kontakt Sølvi eller Roger på telefon 905 92 340 for ein uforpliktande prat, eller send oss ei melding på roger@vaskeas.no om du har spørsmål.

Lik også Facebook-sida vår for nyhende og gode tilbod.

905 92 340 / roger@vaskeas.no/ facebook.com/vaskeas