fbpx

Ofte stilte spørsmål

Viss du ikkje får svar på det du lurer på her, må du ikkje nøle med å ta kontakt. Enten på telefon 905 92 340 eller roger@vaskeas.no

  • Kven bestemmer kva som blir vaska?
    Det er du, kunden, som avgjer det. Vi kjem på synfaring før vi gjer ein avtale. Då pratar vi om kva du ønsker og kva du vil vi skal prioritere.

 

  • Korleis veit de kor mykje tid de treng når de skal vaske hos meg?
    Ut frå behova dine reknar vi ut kor mange timar vi treng. Tidsbruken går ikkje på kvadratmeter, men etter kva kunden vil at vi skal gjere.

 

  • Kor ofte bør de vaske?
    60-70 prosent av kundane våre som har faste avtalar, brukar oss annankvar veke. Om lag 20 prosent ønsker at vi kjem oftare. Dess oftare vi kjem, dess lettare er det å halde bustaden rein.

 

  • Er køyring inkludert?
    Ja, viss vi kan kome når det passar vår timeplan.

 

  • Kan de vaske komfyren min innvendig?
    Sjølvsagt.

 

  • Kva med kjøleskapet?
    Viss du ryddar ut maten, så fiksar vi det også.

 

  • Og vindauge?
    Det er vi veldig gode på!

 

  • Må vi rydde før de kjem?
    Ja. Alle flater vi skal vaske, må vere rydda. Det blir umogleg for oss å gjere ein skikkeleg jobb viss ikkje.

 

  • Må vi støvsuge før de kjem?
    Nei. Vi støvsugar alltid før vi vaskar. Då får vi opp dei små partiklane, og dreg ikkje skiten med oss. Det er også betre for parketten. Men om du ønsker å støvsuge sjølv, så er det også greitt.

 

  • Kva vaskemiddel brukar de?
    Vi brukar effektive, men skånsame reingjeringsmiddel. Det er bra for deg som kunde fordi det sparar overflatene. Mindre kjemikaliar er også bra for miljøet og dei tilsette som lever med dette kvar dag. Alle vaskemidla er allergivenlege og vi brukar berre eit par dropar for å bryte vassoverflata. Mikrofiberklutane vi brukar er veldig effektive og gjer mesteparten av jobben.

 

  • Eg vil ikkje ha skiten til naboen i min heim, så eg håpar de brukar eingongsklutar og -moppar.
    Det treng du ikkje vere redd for. Ein brukt klut går ikkje vidare til det neste huset. Vi har ei eiga, stor vaskemaskin som fjernar alt av smuss, støv og hår frå tidlegere oppdrag. For å spare miljøet, brukar vi minst mogleg eingongsutstyr.

 

  • Kan de bruke mitt utstyr?
    Dersom det er ønskeleg, kan vi det.

 

  • Er det greitt om eg sjølv er heime når de vaskar?
    Det går fint, men hugs at vi er på jobb, så det er best om vi får arbeide i fred.

 

  • Korleis gjer vi det dersom de skal vaske på eit tidspunkt eg ikkje er heime?
    Dei fleste kundane våre er på jobb når vi vaskar. Du kan trygt overlate nøklane dine til oss. Dei vi har faste avtalar med, kan overlate nøklane til oss så lenge avtalen varer.  Dette har vi lang erfaring med, så vi finn ei praktisk og trygg løysing for begge partar.

 

  • Eg har hund. Kva gjer eg med den?
    Vi er veldig glade i dyr, men det er fint om den er på eit eige rom når vi kjem, så går han ikkje i vegen for oss.

 

  • Kva skjer om ein av dei tilsette er uheldig og øydelegg noko i huset der ho vaskar?
    Det blir sjølvsagt erstatta. Vi har alle lovpålagde forsikringar og ansvarsforsikring på inntil ein million kroner.

 

  • Eg har fast avtale og skal på ferie. Kva gjer eg?
    Har vi tilgang på nøkkel, kan vi vaske uansett. Dersom du ikkje vil at vi skal vaske, må du hugse å gi oss beskjed. Dei tilsette må uansett ha løn, så om vi kjem til låst hus, må vi dessverre fakturere.

 

  • Vaskar de laurdagar og sundagar?
    Ja, men det må planleggast i god tid. Prispåslaget er 50 prosent på laurdagar før klokka 15. Resten av helga er det 100 prosent.

 

  • Kva skjer om den faste reingjeringsdagen er ein heilagdag?
    Vi kan sjølvsagt finne ein annan dag. Om det ikkje går, fall reingjeringa bort, og du blir ikkje belasta. Vil du likevel ha reingjering på ein rød dag, må det avtalast spesielt og det kjem eit påslag på 100 prosent.

 

  • Er det oppseiingstid på faste avtalar?
    Ja, ein månad gjensidig oppseiing.

 

  • Vil det være den same reinhaldaren som kjem kvar gong?
    Reinhaldarane våre arbeider alltid i par. Det gjer det tryggare både for dei tilsette og for kundane våre. Vi kan dessverre ikkje love at dei same reinhaldarane kjem kvar gong, men strekker oss langt for å etterkome ønska til kundane våre. For vår eigen del er det praktisk at det er dei same som vaskar kvar gong. Ein vaskar både betre og meir effektivt på ein stad ein allereie kjenner.

 

  • Snakkar reinhaldarane norsk?
    Alle tilsette har hatt norskkurs, og alle snakkar engelsk.

 

  • Risikerer eg at sladderet går på bygda når de finn vinsamlinga mi?
    Nei. Dei tilsette i Vaske AS har signert på ei erklæring om teieplikt, og den er vi veldig nøye på. Dessutan skal dei ikkje rote i private ting. Vi er svært bevisste på at vi får kome inn i privatsfæren til kundane våre, og at reingjering er personleg.

 

  • Vaskar de kvitt?
    Ja, sjølvsagt! Og på fleire måtar. Ikkje berre legg vi stor vekt på kvalitet, vi ønsker også å ha alt i orden med det offentlege og betaler alle skatter og avgifter. Vi er også godkjende av Arbeidstilsynet, noko ID-kortet alle våre tilsette ber, vitnar om. Vi blir kontrollerte kvart år og må sende inn dokumentasjon på at vi gjer ting etter boka. Du kan til ei kvar tid sjekke godkjenninga vår hos Arbeidstilsynet her.

 

  • Kva tener dei tilsette?
    Vi er stolte av å gi dei tilsette skikkeleg løn. Då trivst dei og gjer ein betre jobb. Alle får tariffløn for reinhaldsbransjen.

 

  • Kva gjer eg viss eg ikkje er nøgd med jobben?
    Då ringer du Sølvi og fortel kva du er misfornøgd med. Det kan skuldast ei misforståing. Har vi gjort ein for dårleg jobb, må vi sjølvsagt rette på det.

Fortsatt spørsmål? Ring oss på 905 92 340 eller send oss ei melding på roger@vaskeas.no